Gloppen janitsjar
ønskjer alltid nye 
musikarar velkomne.
Vi øver onsdagane i aulaen
på Firda vidaregåande skule frå klokka 19.15 til 22.00.
 
     
SKIPA 1987 - SPELT SIDAN 1892
FramsideKorpset sine medlemmerAktivitetar som kjemRepertoarSaker frå styretHistoria til Gloppen janitsjarLinkar vidare, musikk og meir Støtt våre sponsorar  


I full gang med mai
06.05.12 Marsjmånaden er i full gang, og to speling i Sandane sentrum og på Breimstafetten er gjort. Kaldt og småvått ver stoppar ikkje oss, og no er det 17. mai neste. Det vert endringar i oppstart på dagen. 17. mai-komieten på Sandane ønskjer ikkje marjsering og speling til flaggheising klokka åtte, men utset heile seremonien til starten på barnetoget. Dermed er oppmøte flytta frå 07.00 til 08.30 og inntil ny beskjed møter vi ved Aulaen på Firda vgs.

VIKTIG MELDING
26.04.12 Tidleg i mai flyttar janitsjaren inn på sitt nye domene - gloppenjanitsjar.no . Deretter vil dette domenet med .net truleg verte stengt i løpet av sommaren, i alle fall vil det ikkje verte oppdatert. Ei periode framover vert begge domena oppdatert.

Fin påskebasar
14.04.12 Det vart på alle måtar ein hyggeleg påskebasar i Breim. Janitsjaren takkar alle som støtta oss. 

Alt klart for påskebasar
29.03.12 Vi er no klare for vår årlege påskebasar i Breimshallen. Tysdag i påskeveka - 3. april - vert det flotte vinstar, god musikk, kaffi og kaker som vanleg når janitsjaren inviterer til basar. Dørene opnar klokka 1900. Velkomne!

Høyr lyden av Skotårsgalla 2012
20.03.12 No kan du omsider høyre opptak frå Skotårsgalla 2012 på her på nettsida. Gå inn på vår musikalske side, så finn du heile konserten, i alle fall ei stund framover. Opptak er opptak, men det gjev i alle fall eit bilete.


Gloppen janitsjar og Nordic Tenors med Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes i storslag. (Foto Ole Kristian Solheim Gjerløw)
Ein konsert vi er stolte av
04.03.12 Dagen vi har arbeidd fram mot kom omsider, og vart alt for kort. To sitrande fine konsertar saman med Nordic Tenors, den siste avslutta med eit heidundrande fyrverkeri. Publikum var med og etterpå vart det særs mykje godord å få. Nærare 450 tilskodarar var på plass, og når dei er stornøgde og vi er stornøgde, då har vi gjort ein Skotårsgalla som er eit skotår verdig. Sjå Firda Tidend «Eit show av det sjeldne slaget».


Då er vi klare til galla
02.03.12 Siste gjennomkøyring og samspeling i kveld, finstasen er prøvespelt og tenorane på plass. Vi gler oss og ønskjer alle hjarteleg velkomne til skotårsgalla. Det vert sprudlande friske forfriskningar i pausen, og kvelden vert avslutta med gallafyrverkeri - også ute.

Vigdis og Margunn attende i styret
06.02.12 Vi fekk ny nestleiar og ny kasserar etter årsmøtet onsdag. Vigdis og Margunn tek over etter Gunnar og Reidunn som begge har gjort flott arbeid i to periodar. Det vart også eit byte i noteutvalt Olav R. inn for Torgrim. Elles er det eit solid og stabilt korps, Gloppen janitsjar.

Velspelt og underhaldande av husorkester på hotellet

28.02.12 At vi har eit kapabelt husorkester i eigne rekker visste vi, frå alle jule- og påskebasarane våre, og på hotellet fekk dei vist fullt ut at dei kan stå for flott musikk. Det vart meir ein konsert enn taffel, og det er ikkje tvil at dette er så godt at vi glatt kan ta igjen salet.  

Vellukka øvingshelg
15.01.12 Etter tre dagar intensiv øving byrjar no fest- og gallastemninga å sette seg i korpset. Korpset er godt i rute, og gler seg til å møte dei tre tenorane og eit jamnt aukande tal publikum. Billettar til storhende er å kjøpe på Billettluka.

Innkalling til årsmøte
14.01.12 Medlemmar i Gloppen janitsjar vert kalla inn til årsmøte den 1. februar klokka 20.00. Det vert vanlege årsmøtesakar, og om medlemmar har ei sak eller saker dei vil ha opp på årsmøtet må det vere meldt styret innan 24. januar.

Nyttårsfest med janitsjar-taffel
05.01.12 Laurdag 21. januar inviterer Gloppen hotell til nyttårsfest med fire rettar middag, Gloppen janitsjar og dans. Janitsjaren stiller med sitt eminente husorkester og er godt i gang med å tilberede ein lettare musikalsk meny for kvelden.

-   -   -   -   -

Tidlegare nyhende: Nytt og hendingar i 2011

Tidlegare nyhende: Nytt og hendingar i 2010
Tidlegare nyhende: Nytt og hendingar i 2009

Til toppen

 

 

Onsdag 16. mai
19.15 - Øving i Aulaen. Marsjering kan forekomme.

Torsdag 17. mai
19.15 - Speling i grendene.
Last ned program med marsjrekkefølge

Onsdag 23. mai
19.15 - Øving i Aulaen.

Sjå heile sesongplanen
Om du ikkje kan møte
på øving så ring / send SMS til Bernt så tidleg som mogleg: 997 72 107



Følg Gloppen janitsjar på Facebook. Få invitasjonar til konsertar, eller inviter vener til konsertane våre.

Opplev janitsjaren
Høyr meir av det vi har gjort
på vår musikalske side

Frå Skotårsgalla 2012
Anthem (from Chess):

Trolltog (Grieg):


Jodlermelodi


Korpsleksikon
I det vesle korpsleksikonet vert komponistar og musikkstykke vi arbeider med presentert. Sjekk ut Det vesle korpsleksikonet.
Siste artikkel:
Komponist Sverre Bergh bak Country Folk In Town


Gje støtte til
Gloppen janitsjar
når du tippar

gjennom Grasrotdelen til
Norsk Tipping. Registrer deg der du tippar, og gje opp
organisasjonsnr.: 993 793 450
1. januar - 30. april 2012
40 spelarar : 2220 kroner
Resultat 2011: 6272 kroner
Resultat 2010: 6608 kroner
Resultat 2009: 5473 kroner
 
 

  1. mai
Bernt Reed
  13. mai
Heidi Fure Klausen


Alt styret har drøfta og vedteke finn du under Styret. Her er også vedtekter og årsmeldingar.
Siste referat:
Styremøtet 24. januar 2012.
Neste møte: 13. mars


Gloppen janitsjar i fest og kvardag slik det ser ut på bilete. Her er Fotoalbumet.
(Har du bilete så send inn...)


Har du, eller kjenner du til nokon som har, uniformutstyr eller instrument som høyrer  janitsjaren til og ikkje er i  bruk? Ta kontakt, vi treng det.


NM-sida kan du finne alt du treng å vite om Gloppen janitsjar og NM i janitsjar i Trondheim april 2011.

Sist oppdatert: 14. april
(NB! Sida kan ta litt tid å laste inn)